Kom deg ut-dagen høst 2010

Merking på Bergsheia. Foto: Odd HaugsbakkTurlaget søkjer deg som har lyst til å ta eit tak med merking og rydding av stiar. Vil du vere med i turlaget si Merke- og løypenemnd, ta kontakt med leiar i turlaget, Atle Holsen på atholsen@online.no Merke- og løypenemnda har eksistert i nokre år, men treng fleire deltakarar.

 -------------------------------------------------------------------------------

Meld deg på grunnleggjande turleiarkurs i Stardalen 17.-19. september.
Kurset består av:
Ambassadørkurs fredag kl. 18.-21
Grunnleggjande turleiarkurs laurdag og søndag.
Ta kontakt med Atle Holsen: atholsen@online.no om du er interessert.
Aldersgrense: 16 år til 100 år!
--------------------------------------------------------------------------------
Delta på Sommarturleiarkurs 24-26/9 og 8-10/10. IST yter stønad etter
nærare retningslinjer. Ta kontakt med atholsen@online.no eller sogturla@online.no
Du må ha gjennomført kursa ovanfor før du kan delta på dette. Kurset går på Løkkebø ved Storebru.
____________________________________________________________

 

Onsdagsturen til Storeholten 1/9

Igjen vart det fint turver på onsdag. Denne gongen var det avgang frå Førde Kyrkjetun opp gjennom Solbakken og inn på eit gammalt sett av stier som fører opp gjennom granskog, fin furuskog, svært lite myr og med flott utsikt over Førde by, og endar opp på noko som kan heite Storeholten. (Om det skulle vere eit anna namn så tar vi imot korreksjon med takk) Den ligg vest av Skeistølen. Derifrå går det sti til Hundvebakkestølen og vidare til Hornnesstølen. Nedatt frå Hornnesstølen er godt opptrakka sti til Hundvebakke. Til slutt litt asfaltgange innatt Gjelet. 18 turdeltakarar fekk nyte den flotte kveldsstunda.
Les meir

Vi såg Sunnmørsalpane forsvinne

Vi var ikkje mange som drog frå Esso denne fredagsettermiddagen  sist i august.  Vêrvarselet og ei litt lang reise til Kolåshalvøya og Molladalen skremte nok ein del av IST sine ivrige turgåarar. 

Les meir

BT Fosseheimen Gaular på Birkeland på Sande 28/8

Ein lett fuktig Turbo fjellrev hadde med seg 12 vaksne og 20 barn på tur i skogen til Arnstein og Kari Birkeland. Vel framme på rasteplassen gjekk vi straks i gang med bål, gapahuk, balanseline, hesteskobane og bogeskyting-arena. Mange aktivitetar, god grillmat og drikke. Då gjorde det ikkje noko at det regna litt. Etter vel tre timar var vi nede igjen, med framleis mykje til gode av laurdagen.

 

Les meir

Onsdagsturen til Fauskevarden og Halbrendsnipa 25/8

Det lakkar mot haust og kveldane blir stadig kortare. Det var difor med stor spenning vi la i veg på denne relativt lange onsdagsturen. Skulle vi kome fram før mørkret fall på? Og med 24 deltakarar med stor variasjon i alder og form så var det litt vanskeleg å vite i bakkane opp mot Fauskevarden. Ei stund gjekk tankane dithen at vi måtte dele oss opp, slik at nokre returnerte til utgangspunktet etter å ha vore på Fauskevarden. Men ingen ville snu, så vi hasta vidare frå toppen. Der var forøvrig ikkje noko å stoppe lenge for, med skodde og kald vind. Nede ved Flotevatna var borna tomme for energi, så der måtte nista fram. Og det var rette staden, lunt og stille. Innover mot Halbrendsnipa er lett terreng og det heile gjekk overmåte bra. Så der kunne vi stoppe så lenge temperaturen tillet. Ned bakkane og fram vegen mot Reset vart det tungt for borna så det var ikkje så lenge etter ankomst at mørkret senka seg.
Les meir

BT Askvoll til Nipebu 21-22./8

Laurdag morgon var det mange spente ansikt ved parkeringsplassen i Rivedal, 6 barn og 5  vaksne var klare til helgas tur til Atlevatnet og Nipebu. Ein familie på 5; 3 barn og 2 vaksne hadde gått innover fredagskvelden, og venta spent på resten av gjengen på laurdagen.  Sekkane var tunge og grusveien bratt opp til kraftverket, men til stor glede for store og små vart dei frakta opp i bil og traktor. Terrenget er kupert innover Vagstaddalen, med ein jamn stigning på slutten opp mot Atlevatnet. Stien er god, med enkelte våte parti. Barna leika seg lett innover, og dei vaksne hang på slep etter. Veret var veldig skiftande, men heldigvis vart det lite nedbør på veien innover.

Les meir

Onsdagsturen til Kjelstadnakken 18/8

Denne onsdagen gjekk turen til Kjelstadnakken. Ein litt latmannstur i det vi køyrer nesten til skoggrensa før turen startar inn til fagre Kvanndalen. Der kryssar vi den no så vesle elva som tidlegare på året er verre å hanskast med. Turen går vidare på fin sti opp om bjørkeskogen. Så er det litt meir ymse med sti, men det er lettgått terreng og ein og annan varde som viser at vi er på rett veg. I kveld var det flott ver og god sikt til alle kantar. På toppen var det litt trekk i lufta, men ikkje verre enn at turfølgjet på 31 deltakarar sat ei stund for å nyte niste og utsikt. Så gjekk turen nedatt same vegen.
Les meir

Briksdal-Oldeskaret-Høyset 15/8

Denne turen gjekk i motsett retning angående tidlegare år. Det er alltid spennande for turleiar og ikkje minst for turdeltakar korleis blir været. Denne gangen kunne det rett og slett ikkje blitt betre.

28 i følget vil kansje aldri gløyme ein slik herleg dag i denne vakre og urørte naturen. Utan og gå nermare inn på turtraseen, lar vi bilda tale for seg frå Melkevoll Bretun i Olden til Høyset i Stardalen.

Les meir

Fjærland-Blånipa-Lunde 14/8

På ein dag der Skåla opp trekte 1700 deltakarar, var vi 7 stk som heller ville gå denne turen! Eg vil påstå at oppstigninga til Blånipa er tøffare enn opp til Skåla. Vi hadde over 1400 høgdemeter rett opp. Først 2t i tett skog som halvt liggande stritta mot oss. Sidan 1t med slett, bratt gras-/lyngbakke, før vi etter matpausa fekk 2t med bratt svaberg. Etter at regnet gav seg og skodda letta, tørka svaberga opp så vi kunne gå trygt. På vått føre er det ikkje tilrådeleg å gå turlagstur her!

Les meir

Onsdagsturen til Gullgruva 11/8

Denne onsdagen var det tur til Gullgruva som stod på programmet. Og det skulle vere i samarbeid med Sunnfjord Outdoor, difor litt rart avreisetidspunkt. Men Sunnfjord Outdoor svikta. Men vi fann vegen fram til Gullgruva og turdeltakarane grov som om dei var galne. Grådigheit i eit nøtteskal! Og mange fine steinar vart med heim i bukselommane, det var rart ingen vart bukselause nedatt bratta så tunge som dei var. Og returen vart  bratt men kort. Og det var like greitt sidan regnet kom på oss denne gongen. 22 starta, 2 fall frå undervegs og det er sjeldan kost på ein så kort og grei tur, men det hadde sine årsaker som vi ikkje skal kome innpå her. Men historia om Gullgruva og orienteringa om geologien får vi kome attende med ved eit seinare høve.
Les meir

BT Askvoll til Bakkefjæra 11/8

Rekordoppslutnad i Bakkefjæra 11 august.

Sola strålte frå skyfri himmel denne ettermiddagen under Dalsfjordveka, da barnas turlag Askvoll hadde tur til Bakkefjæra. Barnefamiliar strøymde til frå alle kantar, både lokale og feriefolk. Totalt var vi 107 stk, ny rekord! I tillegg sette vi ny rekord på antall barn; 68 stk. Barn og vaksne fekk mulighet til å smake på nydelig fruktsuppe og grilla makrell filear, eller dei kosa seg med medbrakt mat. Denne dagen hadde dei fleste barna verken tid til mat eller drikke, dei var så opptatt av bading, utforsking i fjærekanten, kaste stein eller ta seg ein padletur.

Les meir

BT Jølster til Gamledalen i Førs 8/8

Søndag 8. august inviterte BT Jølster til tur i Gamledalen i Førs. Frå morgonen av var veret veldig usikkert, men vi var heldige og fekk flott turver!

29 turboborn og 24 vaksne møttest ved  skogsvegen, og i samla tropp la vi avgarde. Turleiar, Oddvin Førde, var vegvisar. Etter eit lite stykke på bratt skogsveg, gjekk vi inn på den gamle stien til Gamledalen. Deter ein spennande og variert sti. Ein stad måtte ein halde seg i tau, for å komme seg opp eit lite berg.

Les meir

Turen til Søgnesandsnipa 8/8

10 deltakarar møtte opp for å gå på Søgnesandsnipa i fint turvær. På toppen av Lundeskaret tok vi første matpause før vi skrådde opp mot Tuva og svaberga som leda mot toppen på 1548. Etter godt 4t kunne vi ta ei velfortent pause framme på pynten som ligg på 1480. Returen gjekk søraust over ryggen forbi Kinnaklypnova og ned på Kinnaklypskaret.

Les meir

Tur til Honndalsrokken 7/8

Utsikt frå HonndalsrokkenMed turleiar var det 16 stk. som starta på turen. Ein av deltakarane snudde etter kort tid i den bratte oppstigninga. Turværet var særs bra med mykje sol og litt skyer. Turen gjekk den vanlege ruta frå Honndalssætra og inn dalen til Store Luka og vidare opp den bratte oppstigninga til Kjellstaddalen. Normalt må ein gå i ein del snø vidare derifrå, men i år var det nesten ingen snø att slik at vi måtte gå i ur.

Les meir

Ny ytterdør og omn på Massbu 1/8

Ny ytterdør på Massbu. Ingvald Os.Massbu har fått ny ytterdør. Den nye døra er 2-delt slik at halve døra kan opnast, lite glas over døra gjev betre lysforhold inne i framselet. Ny omn er også komen på plass. Den som har gjort jobben i løpet av siste dagane er Ingvald Os. Jostein Laukeland hjelpte han med omnen. Lisbeth Sommer tok seg av målingsjobben. Sengeklær har vore nede til vask og elles er der nok litt god grønsåpe duft etter vask i selet.

Les meir

Onsdagsturen til Halvgjerda 4/8

På veg til HalvgjerdaOnsdagsturen denne veka gjekk til Halvgjerda på Jølster. Været var fint i startområdet, og shorts og lett antrekk vart nytta. Men optimisme er ikkje noko ein skal slå om seg med vestafor Jostedalsbreen. Ved skaret under toppen, ante dei 18 optimistane at værguden ville leike seg med oss. Vinden kom med regn og eit tordenskrall - rett nok litt puslete det då. Men vi lest som ingenting, og labba opp til toppvarden så det svakka i sokkane! På veg nedatt snudde det når vi fekk ho Toril og ein stk. hund igjennom "nålauge". Då kom sola, og skyene forsvann som innhaldet på kontoen ein feriedag!

Vel nede ved bilane hadde dei glade vandrarane gløymt vår herres straff, for noko gale vi ikkje visste vi hadde gjort,

Turleiar Terje Jan Nes

Les meir