| Framsida | Ut på tur | Styrereferat | Om oss | Bli medlem | Felles bildealbum | Dokument |
Fakta
Turdatoar
20.05.2012
Merk at datoen for denne turen er passert!BTN Tur i fjæresteinane på SkitlabrotetBT NaustdalSøndag 20.mai kl 15.00. Tur i fjæresteinane på Skitlabrotet (vika utanfor Nåneset). Lett tur på sti som passar for alle. Følg RV 611 frå Naustdal (mot Stavang). Etter ca 10km tar ein av til Helle og følgjer vegen vidare mot Vatne. Parkering ved krysset til Mortensbakke. Vi møtast på toppen av brekka/utanfor Mortensbakkekrysset kl 1500. Fin sti først til kvia ved vestre enden av Vatnevatnet, så nedover siste stykket til sjøen. Dette blir ein ettermiddagstur sidan området er best tilgjengeleg ved fjære sjø (fjære kl 1730). Vi skal utforske fjæra, og dei som vil kan fiske frå dei fine svaberga – Ta med fiskestang! Truleg lagar vi bål, så ta med grillmat, evt kan du satse på fiskelykke ;) Nam! Slutttidspunkt vil vere avh av veret. Turleiarar: Viggo Leikanger og Siss-May Edvardsen, tlf.: 48 00 48 04 / 95 29 01 14. For å vere med på tur er det berre å møte fram, det er inga påmelding. Har de spørsmål, ta kontakt med turleiar. Alle born skal ha følgje med vaksne. Ta med niste/grillmat og drikke, og kanskje litt ekstra kle? Det er ikkje krav om å vere medlem av turlaget, men ein kan melde seg inn viss ein ynskjer til kontoret i Førde eller på internett. |
SøkTurar og aktivitetar
|