Søk
Viser artiklar 16 - 30 av totalt 140
Side: Forrige  1 2 3 4 5 6 7 8 9 10  Neste

Rekordframmøte på årsmøtet 25/11

Det var heile 54 frammøtte til årsmøtet som vart halde på Rica Sunnfjord hotell fredag 25. november. Ordstyrar Nils Gjerland leia møtet og alt var unnagjort på godt under 2 timar. Det var ingen store saker på dette årsmøtet. Etter at valet var unnagjort, konstaterer vi at desse er ute av styre og stell for denne gong: Lisbeth Sommer, Leif Hundvebakke, Wenche Lise Espedal, Oddbjørn Sellevoll, Ira Røyseth, Marion Nødset, Erlend Fossen, Rakel Wiken, Haakon Breien og Liv Aalen. Lisbeth og Leif har sett sitt store preg på turlaget i fleire tiår, men også andre har vore med i lang tid. Vi takkar alle for stor innsats! Vi vonar at de framleis tar eit tak.
Les meir

Barnas Turlag Naustdal til Vatnestølen 13/11

Utgangspunktet for turen var det koseleg tunet til fam. Leikanger i Vatnelia, som ligg høgt og fritt over Vatnevatnet med utsikt over vatn, fjord og Heilefjellet. På turen deltok 6 barn og 7 vaksne. Med farsdagskake i sekken og vedvogn på slep, rusla vi oppover skogsvegen mot Vatnestølen. Det var noko stigning på turen, men likevel fint og lett å gå. Det var litt småregn dei første minutta, men det varte heldigvis ikkje lenge.

Les meir

BT Naustdal til Speningsvatnet 16/10

Turen starta frå yste tunet på Seljevollen, 2 barn og 5 vaksne la i veg på god sti oppover mot Flagde, men først måtte vi helse på dei flotte kasmir-geitene på garden. Det var opplett og fint tur-veir, og allereie då vi starta kunne vi nyte ei fantastisk utsikt over fjorden. Halvvegs hadde vi pause ved Flagde, der har grunn-eigarane laga eit raste-bord og vi kunne skrive oss inn i boka der.

Les meir

Vinterklargjering Longevasshytta 14/10

Fredag 14/10 var det ein gjeng til Longevasshytta som ikkje er redde snøen. No vart siste finpussen gjort før vinteren set inn. Kanoen vart lagt under hytta, vannslangen tømt, vannlåsane demonterte og brua ved Vassvendevatnet teke på land. Det ligg no spade opp under takutstikket som du kan nytte dersom det ligg mykje snø framfor døra ut på vinteren. Det er også saga opp ved og lagt inn på vaskerommet.
Les meir

Turboreven Jølster inviterte til tur på Eikåsnipa søndag 2 oktober

Heile 23 Turboungar og 17 Turbovaksne vart helst velkommen av Ingrid Søyland, som denne dagen hadde tatt på seg turleiaransvaret.

Værgudane viste seg ikkje frå si aller beste side på starten av dagen. Det var fuktig og tåka hang nedover fjellsiden, men opphald var det. Med mottoet: ”det finast ikkje dårleg vær berre dårlege klær” la vi i veg oppover.

Les meir

BT Førde på Krimtur i Angedalen 28/9

Onsdag 28.09 inviterte Barnas Turlag Førde og Krimfest Vest til krimvandring i Angedalen. Dette var ein ny tur på programmet til turlaget, så det var 13 store og 18 små spente fjes som møtte opp ved Eikeland denne kvelden.
Les meir

Jentene i isen. Haugabreen 24/9.

Vi var 17 jenter og 3 karar som ville leike oss i blåisen denne laurdagen. 17 av Sunnfjord sine flottaste og sprekaste jenter var utstyrt med sele, hjelm, øks, tau, stegjern  og anna utstyr som breen krev når leiken skal vere trygg. Jaudå vi hadde utstyret i orden vi karane også… både Jakob ( 11 år ), underteikna ( godt voksen ) og Alvar ( endå litt meir godt voksen ) .

Les meir

12 nyutdanna turleiarar

  
Nye dyktige turleiarar etter gjennomført kurs sist helg i Stardalen. Bak f.v. Anita Rennestraum, Vigdis Hatlenes, Clea Suhr, Veslemøy Olavsbråten, Vigdis Flaten Kvamme, Maria Torheim Bjelkarøy, Hilde Barmen. Framme f.v. Jorunn Kleiven, Jarle Mundal, Jørgen Anda, Mathilde Stabel, Siri Helle. Foto: Kursleiar Gunnar Bjørlykke

Les meir

På Sunnfjord sitt tak! 18/9

Søndag morgon møtte 16 spente turdeltakarar i Rørvika i mild og klår haustmorgon. Turleiar Norleiv Erdal var i god stemning, sidan vêret var med oss og regnet skulle la vente på seg til måndag.

Med sine 1304 moh. er Blegja den høgste toppen i Heilefjellmassivet. Spesielt frå nordsida av Førdefjorden er den bratte veggen i Heilefjellet og dei karakteristiske Heilevangstaurane imponerande. Det går mange ruter opp frå ulike kantar, og den turfølgje gjekk søndag er den kortaste og mest brukte.

Les meir

Turen til Togga 17/9

Turen til Togga var meint som eit forsøksprosjekt i 2010. Mange ville likevel at vi gjekk denne turen på nytt, og laurdag 17.09 vart ein perfekt turdag. Vi var 8 stk som rusla i fint haustvær oppover ryggen frå Gunvordal. Ein jeger og to sauesankarar var på farten, men vi vart godt mottekne. Vi hadde pause ved Orraleiken på omlag 900 moh. Her fekk vi utsikt til Hurrungane, og sikten var utruleg! Vi kunne namne alle dei kjende toppane frå Hjelledalstind i sør, til Fanaråken i nord. Frå Togga fekk vi også glimt av Smørstabbtindane. 

Les meir

Nes - Longevasshytta - Sandane 10-11/9

På den finaste dagen hittil i haust, starta IST på turen til Longevasshytta. Det var godt å kjenne varmen igjen etter mange veker med drittvær. Vi var 8 stk som la i veg over vasstrekte myrar, men det klarte ikkje å legge ein dempar på turen. Når vi kom til brua ved Nessøylen hadde vi vikeplikt for ein flokk med sauer. Heldigvis blanda ikkje flokkane seg, så vi kom oss etterkvart over den nye brua. Flott bru bygd av Ovi´nj!

Vidare mot Longevasstranda vart det finare sti, og vi hadde ein god pause i Hestebotnen.

Les meir

Botnafjellet frå Myklandsdalen 10/9

Kl. 9 var vi kun 5 vaksne som tok fatt på denne 10t turen, sjølv om dette var ein av dei få fine dagane så langt i haust. Starten var på Løvland, og vi gjekk opp til Blådalsvatnet på 1,5t. Her var første 15min rast. Vidare gjekk vi opp ei renne som enda like nedanfor ryggen opp mot Botnafjellet. 12.45 rasta vi ved varden på toppen. Litt sur trekk der. Vidare i steinura på nysnø rundt Kvanndalsvatnet og ny rast på høgde 1475. Så langs ryggen bort på Eggane og nordover igjen på ryggen mot Kvanndalsvatnet.

Les meir

Onsdagsturen på fjella på sørsida av Indre Angedal 7/9

Litt logistikk måtte til før vi kom oss av gårde, sidan start og slutt på turen ikkje var på same stad. Men ca kl 17.30 starta 5 spreke turdeltakarar frå Indrebø opp skogsvegen mot Skaret. Veret var nett som meldt, regn, og ikkje utsikt til betre ver undervegs heller. Frå Skaret og opp til Ørnefjellet var stien fleire plassar omgjort til ei lita grov, men ingen klaga av den grunn. Heller ikkje tåka som kom greidde å ta motet frå turfølgjet, sjølv om det var både regn og vind som møtte oss på Ørnefjellet.

Les meir

BT Askvoll Kom deg ut - dagen til Brurastakken 9/4

Kom deg ut-dagen er Den Norske Turistforenings (DNT) nasjonale turdag, som vart feira over  heile landet søndag 4. September. Vermeldingane til denne dagen var særs dårlige, med store nedbørsmengder og frisk bris ved kysten. Tidlig på morgonen var vi optimistar, men denne dagen hadde metrologane rett. Før avgang fekk vi melding frå foreldre med spm. om turen var avlyst, men det var den ikkje. Mottoet til barnas turlag er: ”Det finst ikkje dårleg vær, berre dålege kle… og pysete foreldre…”.

Les meir

BT Jølster Kom deg ut-dag i Veitebergsdalen 9/4

TURBOREVEN I JØLSTER PÅ LEIT ETTER SKOGENS GULL

På kom deg ut dagen søndag 4. september inviterte turboreven og barnas turlag Jølster til sopptur i Veitebergsdalen i Stardalen.  Vi hadde fått med oss Anny Flatjord som soppkjennar og lokalkjend.

Les meir
Side: Forrige  1 2 3 4 5 6 7 8 9 10  Neste