Steikje meg så flott vi har det!

Eg traff ein kar, Dagfinn Vasstrand, med fotoapparatet rundt halsen. Det er alltid med, fortalte han. Eg var spurte om han kunne sende oss nokre bilde frå denne finaste delen av landet :-) Sjå og drøym deg ut i naturen, for... formidling med kamera - det kunne han. Her ligg bilda

Kruna 18.feb

5 turdeltakarar pluss turleiaren møtte opp på ein av dei mest regn/snø tunge dagane til no i år. Kjempe bra.

 

Les meir

Kom deg ut -dag i Hoffslåttene Skileikanlegg- Barnas Turlag Fosseheimen

Trass litt «rufsete» ver fekk Turboreven mange å helse på  i dag. Folk i alle aldrar fann vegen til bakken. Det var småtassar i barnevogn og  pulkar, litt større på akebrett og kjelkar, langrennski, telemarkski, slalomski, brett, og eigne bein var også tatt i bruk.
Les meir

Lyktetur rundt Gjøset fredag 3.2 BT Førde

Kvelden var heilt perfekt. Mjuk nysnø, vindstille og nokre få minusgrader skapteflotte forhold når BT-Førde skulle på lykttetur rundt Gjøset fredag kveld.

Les meir

0205 Kom deg ut i Askvoll

Barnas Turlag og Ung-gruppa i Askvoll.

Søndag 5.februar er kom deg ut dagen. Tradisjon tru, så arrangerte Barnas Turlag og Ung-gruppa

 i Askvoll skirenn.

Les meir

0205 Kom deg ut i Naustdal

Unna veg!

Eit yrande liv i bakkar og løyper i Instedalen skileikeanlegg i dag.So utruleg kjekt at heile 36 ungar og 31 vaksne fann vegen opp i dalen!

Les meir

Skitur til Nipebu. Kjell Arne anbefaler.

Nibebu kan også anbefalast som vinter-tur. Vist du går frå Markavatnet er det  no so lite snø at det er greit å gå like til Krokavatnet uten
ski. I dag, 31.01,  var det så hard skaresnø at ein kunne gått like til Nibebu uten å trakke gjennom. Det er ein grei tur på ski og, iallefall når
det er god is på Nipevatnet og Langevatnet. Det småkuperte terrenget rundt hytta innbyr til fine rusleturar for å nyte den vide utsikta .
Under teikna vil påstå at han skjeldan har vore der i så fint og klart ver, som nett denne klare vinterdagen.
 
 
Foto : Kjell Arne Hjellbrekk
 
 
 Foto : Kjell Arne Hjellbrekk
 

Entusiasme og vekst i turlaga i fylket!


Sogn og Fjordane Turlag hadde årsmøte på Skei sist laurdag 28.01. Delegatar frå dei fleste lokallaga møtte og det er stor entusiasme i turlaga.

Heilt bak f.v. Bente Steine (AuT), Olav Kjell Moen (SFT/ÅT), Inga Jane Vie Karlsen (ÅT), Berit Holme (SFT), Per Jakob Kyrkjeeide (INT), Karen Weichert (VT), Daniel Longfellow (BHT), Åsmund Dale (AuT), Alvar Melvær (SFT)

Bak midten f.v. Arne I. Lerum (ST), Marte Kviberg (ST), Linda Hantveit (SFT/YST), Asle Veien (SFT/IST), Hilde Barmen (YNT), Jorunn Vågen (SFT/IST), Sissel Strømmen (FT), Benthe Kjøs (INT), Ragna Renna (IST), Roger Bareksten (FT), Britt Småvik (SFT/YNT), Odd Einar Frosta (ÅT), Åge Årdal (LæT), Hildegard Strømmen Nygård (KT)

Framme f.v. Jarle Frøyen (KT), Astrid Kalstveit (SFT), Ingeborg Flaten (SFT/LuT), Marino J. Ask (SFT/ST), Vidar Vie (IST) og Irene Befring (SFT/IST).

Medlemsvekst, nye turlag for born og unge, ivrige turgåarar og stor kursdeltaking er nokre stikkord frå fyldig årsmelding. Og alle dei 14 vaksenlaga og 2 frittståande Barnas Turlag har alle oppegåande styre og turprogram klart for 2012. Foto:  Atle Holsen
Les meir

Dagmar var snill på Longvasshytta

Kjell Arne Hjellbrekke har vore ein tur på Longevasshytta og kan fortelje at Dagmar ikkje har skrive seg inn i hytteboka der. Alt står bra til!

Men, det er nok ein del ras og rasfare ovanfor Legestøylen. Obs.obs 

 Begge foto: Kjell Arne Hjellbrekke

Kursplan SFT 2012

Meld deg på kurs eller BaseCamp i 2012 og opplev gleda ved ny læring og naturglede ved kyst og fjell.
Les meir

BT Naustdal til Kringla / Gnotteskogen søndag 08.01.2012

Dagen starta med aking på garden Kringla – høgt over Førdefjorden, rett utanfor Naustdal sentrum.

 Ein flott gjeng på 18 vaksne og 18 barn fann vegen til Kringla i dag. 

Les meir

BT Askvoll til Hellesetvatnet

I romjula, 29.des., la Barnas Turlag i Askvoll ut på årets siste tur. Turen gjekk til Hellesetvatnet i Holmedal. I solid gjeng på 61 personar var med. Sjå bilda til Anne Grethe Lien :
Les meir

Slektningar av Dagmar prøvde å stoppe bålet, men klarte det ikkje!

Første del av Hafstadfjellvegen var reine hinderløypa denne ettermiddagen. Vasskadane i vegen stoppa likevel ikkje  små flokkar av positive turgåarar som etter kvart  har fått dette som  ein tradisjon nesten like sterk som juletregangen.

Les meir

BT Førde på grauttur til Hundsrasta 10/12

Lørdag 10.12.11 var det duket for Barnas turlag Førde sin årlige førjulstur til Hundsrasta. Med stort og smått var det i alt 117 turglade som ville være med på tur denne dagen.  Det var kaldt og klart vintervær, og perfekte forhold for ski, kjelker og akebrett. Det gikk fort ned bakkene, til stor glede for både Turboreven og de mange smånissene! Vel framme ved gapahuken ventet risengrynsgrøt og adventskos rundt bålet. Vi pyntet julebusken, og holdt varmen med å gå rundt juletreet. 

 

Les meir

Cecilie Skog i Førdehuset 5/12

Det vart kjempetilstrøyming til Førdehuset i kveld. Indre Sunnfjord turlag hadde invitert sjølvaste polarprinsessa Cecilie Skog hit som ein markering av turlaget sitt 40-års jubileum. Og Cecilie fortalde om nokre av sine mange opplevingar, denne gongen om ekspedisjonane til Nordpolen og Sydpolen, men også om den tragiske ulykka på K2-ekspedisjonen der ho mista mannen sin, Rolf. Og om tida etterpå der ho sakte kom til hektene att og fann krafta og livsmotet tilbake. Ho krydra det heile med flotte bilete og ein og annan videosnutt.
Les meir