Del | Tilbake | Skriv ut | Tips ein ven

Styret i Bre- og Fjellsportgruppa:


Terje Jan Nes
  (leiar)
Håvard Laukeland
Jorunn Vågen           
Irene Befring
 
Leif Sverre Høyvik
 
(Detaljar finn du under
her)

Det som skil våre fjellturar frå dei andre i turprogrammet er at dei kanskje krev litt meir erfaring frå bratt terreng og at dei i mange høve krev noko ekstrautstyr i form av tau, isøks og stegjern. Ofte vil det vere turar som er kombinerte bre- og fjellturar,- og kanskje med innslag av lett klyving.

Vi planlegg dei fleste turane som laurdagstur nokre gonger med søndag som alternativ om veret skulle være dårleg på laurdagen. Overnattingsturar planlegg vi 2 evt. 3 ganger pr år.

På våre turar vert det innkrevd turavgift. På vanlege dagsturar er dette kr. 50 – 100 for medlemer og kr. 100 - 200 for ikkje medlemer. Ungdomsmedlemer betaler ikkje turavgift. Evt leige av sele, øks og stegjern kjem i tillegg.


Nattskituren har høgare turavgift, men her betaler ungdomsmedlemer ei lågare turavgift samanlikna med dei vaksne. To vanlege dagsturar for ein ungdom,- og kontingenten har betalt seg.

Utlån av utstyr

Bre- og Fjellportgruppa har ein del breutstyr som IST sine medlemer kan leige til private turar. Vi låner ikkje ut til kommersielle føremål. Tau vert ikkje leigd ut. Avtale om lån og pris, kan gjerast med Jorunn Vågen eller Lisbeth Sommer.  

 

Turen til Lodalskåpa 27/6

Forventningsfulle og med godver i sikte la ein sprek gjeng i veg frå Bødalsetra denne fine søndagsmorgonen. 21 i talet, der nokon gleda seg til gjensyn med Kåpa etter mange år, andre med ein førstebestigning i sikte. Det er alltid fint og mektig å gå innover dalen og skue mot Bødalsbreen og med Brattbakkane langt der oppe. I jamt tempo nådde vi K- 88 der vi får det flotte utsynet mot målet og det inspirerar og gjev nye krefter. Her var det på med selar og innknytning i tau før vi begav oss ut på breen.

Les meir