Det har i mange år vore jobba med eit prosjekt med merka stiar frå Stongfjorden via turlagshyttene Nipebu og Massbu til Langeland med forgreiningar til Markavatnet (Førdefjorden), Rivedal, Fossevikja og Laukeland på Dalsfjordsida. I tillegg er der mange umerka stiar/gamle stølsvegar inn til hovedruta undervegs. No er mange av desse merka og umerka stiane dokumenterte ved hjelp av GPS. Så dersom du har GPS så kan du laste dei ned her. Nedanfor er eit kart som viser kva som er dokumentert. Det som manglar er den merka ruta frå Stongfjorden til Nipebu, og eit lite stykke frå Massbu til Standnesstølen. Vi gjer også merksam på at det ikkje er merka sti under Storehesten. Sidan det manglar bru over Selselva, rådar vi til at stien ned til Sæle og opp frå Berge til Kårstadstølen blir brukt. Ved stor vassføring kan det vere vanskeleg å passere elva ved Kvamsstølen og muligens elva ved utløpet av Langevatnet. Elles er det bruer over dei største elvane på rutene. God tur! Og vi tar gjerne tilbakemeldingar på korleis du opplever kvaliteten på merking/varding. Og dersom du har sporlogg av dei delene som manglar tar vi gjerne i mot det på j.boe@online.no