Du er her: Indre Sunnfjord Turlag > GPS  
 
Del | Tilbake | Skriv ut | Tips ein ven

Gps har blitt meir vanleg hjå turvandrarar etterkvart. Det er eit svært nyttig redskap dersom du kan og bruke det og har den rett innstilt. Det er mange som går med turlaget som har kjøpt Garmin GPSmap 60CS(x). Difor legg vi ut forslag til innstilling av desse basert på tilbakemeldingar frå deg og andre som har gjort seg erfaringar med bruken av denne modellen. Turlaget har også ei samling av sporloggar i arkivet.  Det er lagt ut ein del sporloggar på websida under Turforslag som går an og laste ned til din eigen pc om du har programvare for GPS. Deretter kan du laste dei opp til din GPS og leggje iveg. Det er spesielt rutene inn til hyttene. Nokre av dei er også visualiserte på linken som heiter Turforslag. Send dine sporloggar til j.boe@online.no


Her nokre xImage med innstilling av Garmin GPSmap 60CS(x). Vi tar gjerne imot grunngjevne forslag til forbetringar, sidan dette er ein erfaringsbase som bør vere stadig i endring. Send til j.boe@online.no :
OppsettEnheter
Oppsett - Enheter

OppsettGrensesnitt
Oppsett - Grensesnitt

OppsettKartKartoppsettGenerelt
Oppsett - Kart - Generelt

OppsettKartSpor
Oppsett - Kart - Spor

OppsettKartPunkter
Oppsett - Kart - Punkter

OppsettKartTekst
Oppsett - Kart - Tekststørrelse

OppsettRetning
Oppsett - Retning

OppsettSkjerm
Oppsett - Skjerm

OppsettSystemAlkaline
Oppsett - System

OppsettTidOslo
Oppsett - Tid

SporOppsett
Spor - Oppsett

NB! Du må også ha samsvarande oppsett av Mapsource-programmet på pc'en slik at du finn at punkta på rett stad i kartet. For å gjere det må du gå på Mapsource, Rediger, Innstillinger, Posisjoner, Rutenett og sette denne variabelen til UTM