| Framsida | Ut på tur | Styrereferat | Om oss | Bli medlem | Felles bildealbum | Dokument |
|
Indre Sunnfjord turlag prøver ei ordning der turdeltakarar kan legge bilder på internett og alle kan sjå eller laste ned bilder som er tekne på turane våre.
Dersom du berre vil sjå eller laste ned kan du gå til denne adressa http://www.flickr.com/photos/isturlag . Der vil du kunne bla deg fram til turar eller enkeltbilder. Vil du laste ned eit bilde er det berre å dobbeltklikke på det. Over bildet kan du velje ALL SIZES. Vel den storleiken du vil og trykk download. Til større bildet er til skarpare er det. Men, det tek lenger tid å laste ned. OBS. Dersom du ser eit bilde du meiner ikkje burde vere der, nøl ikkje, ta kontakt med meg så skal eg fjerne det straks. Legge inn dine eigne bilde. Skal sida fungere må sjølvsagt folk laste opp bilde også. Når du gjer dette opnar du for at kven som helst kan laste ned bilda. Dersom aviser eller andre skal bruke bilde kommersielt er det skikk og bruk at dei tek kontakt med fotografen. Men, dette kan vi sjølvsagt ikkje garantere. For å laste opp treng du brukarnamn og passord. Brukar er ISTURLAG, passord er storehesten. Opplastingsmenyen finn du dersom du går til HOME som ligg oppe til venstre på Flickrsida. Du finn fleire måtar å laste opp på. Sjølv brukar eg det vesle programmet som du kan laste ned frå sida. Du må kanskje leite litt rundt, men du ser fort korleis det har vore gjort før. Leik deg - det er fritt fram. Etterkvart får vi avgjere om anarkiet er ei fornuftig styreform. Flickr er ikkje vanskeleg, men dersom du treng hjelp ring Asle ( 97055203 ). PS. Flickr er ikkje noko erstatning for www.ISTur.no Den skal leve vidare minst like sterkt som tidlegare. Det er derfor viktig at turleiarar sender bilde over e-post til isturlag@gmail.com slik de alltid har gjort.
Asle Onsdagtur til Botnafjellet i Angedalen15 spretne kroppar etter Vidar Vie gjekk opp bakkane mot Nipene vi neste unngjekk sprekk Stien den var fin - og kvelden varm og still vi kjem nok her tilbake til Angedalens "greatest hill"
|
SøkTurar og aktivitetar
|